Eigenbetaling for læremiddel er tillatt etter eigenbetalingsforskrifta § 3-3 første ledd første setning. Med læremiddel meines det:

"materiell som studentene med rimelighet har måttet finansiere selv slik som lærebøker, kompendier, kopier, utskrifter, papir og lignende." (merknad til § 3-3 i høyringsnotatet).


Det kan fastsettast betaling for grupper, slik som ein klasse eller eit kull som etter høva har lik utnytting av læremidla, i samsvar med forskriftas andre ledd.


At institusjonen kan krevje at studentane har eigen bærbar datamaskin er særskilt heimla i tredje ledd.